inkl. mva.
Midt i sorg og vonbrot, etter å ha mista sonen Levi, fekk Solveig og Erling u eit nytt kall: å reisa til India. Det vart starten på over 30 år med regelmessige misjonsreiser til India, Nepal og Sri Lanka. Som vanlege, sårbare menneske, ikkje hel- tar, har dei fått vera med på eit eventyr der Gud har gjort det umogelege. I dette tredje og avsluttande bindet i biogra en fortel dei ærleg og gripande om lengten som aldri slapp taket. Om huskyrkjer som veks i heimar, om disiplar som gjer nye disiplar, om mirakel, helbre- dingar og fridom frå mørkemakter. Vi møter nasjonale leiarar som Peter og Nirmala, Zephry og Brenda, Henry, Anil og mange eire vanlege menneske som Gud bruker på ein ekstraordinær måte. Vi får innblikk i jordskjelv og forfølging, i stillferdig truskap i erne landsbyar, og i gleda over å sjå Guds rike bryta fram. Boka er full av levande reiseskildringar, gripande vitnesbyrd og djup reaksjon over kva det vil seia å leva sendt, både langt borte og heime. Ho viser at misjon ikkje handlar om perfekte menneske, men om villige hjarte som seier ja når Gud kallar. Når vi gjer det enkle, gjer han det umogelege. Dette er ei bok for alle som lengtar etter meir av Gud, som treng inspirasjon til å tru på mirakel i vår tid, og som vil bli tende av eit liv levd i lydnad og kjærleik til Jesus. Ei sterk avslutning på ei unik livshistorie og ei oppfordring til å ta steget sjølv.
Sesjonen din har nå utløpt. Vennligst klikk "OK" for å oppdatere siden og unngå tap av eventuelle ikke-lagrede data. Dersom du var logget inn, må du nå logge inn på nytt.