Til toppen

Livet har opna seg!: ein prestelærar ser tilbake

Torleiv Austad
Produktnummer: 9788292922569
Leveringstid:

inkl. mva.

  • Utgivelsesår: 2020
  • Forlag: Efrem
  • Språk: Nynorsk
  • Innbinding: Innbundet
  • Kategori: Biografi
  • Antall sider: 360
  • Forfatter: Torleiv Austad

EIN JUNIDAG I 1940, då Torleiv Austad er tre år gamal, tar 70 tyske soldatar seg til rette i heimen hans, prestegarden i Valle. Far til Torleiv er sokneprest der - i ei bygd med særeigen kultur og levande forteljartradisjon. Han skulle tidleg bli ein aktiv deltakar i kyrkjekampen mot okkupasjonsmakta. Torleivs mor kom frå Fyresdal, som Vidkun Quisling rekna som si heimbygd.
Torleiv fortel om sterke opplevingar frå denne dramatiske tida. Dei feste seg i sinn og tankar. Seinare i livet, som ung teologisk kandidat, skulle kyrkjas møte med totalitære ideologiar bli eit fagleg interessefelt for han. Han fekk Kongens gullmedalje for eit arbeid om kyrkjekampen i Tyskland. Teologisk doktorgrad tok han på ei avhandling om den norske vedkjenningserklæringa «Kirkens Grunn» frå 1942, som låg til grunn for prestane sitt brot med det statlege kyrkje-styret, noko faren også hadde gjort. Torleiv Austad er framleis aktivt med i det offentlege ordskiftet om kyrkjas rolle i motstandsrørsla under krigen.
Austad blei aldri fast prest i nokon kyrkjelyd, for livet opna seg på ein annan måte for han. Som professor i teologi ved Menighetsfakultetet underviste han preste-studentar og andre for teneste i kyrkja. Samstundes var han aktiv i det verdsvide økumeniske arbeidet i håp om at kyrkjene skulle kome nærare kvarandre.
Som forskar, lærar og leiar av råd og utval har Austad vore rekna som lågmælt. Men uredd har han like fullt stått fram som forsvarar av lange linjer og slitesterk teologi i kyrkjas mangfaldige liv. Det har ikkje hindra han i å vere open for nye teologiske impulsar. Han har synt evne til å ta imot lærdom også frå vårt multikulturelle og multireligiøse samfunn.
«Livet har opna seg!» er Torleiv Austads forteljing om eit rikt liv - som opnar med eit gripande stykke noregshistorie frå krigens dagar.