inkl. mva.
Mange kjenner Bangs populære Tre i eit tre-bøker frå før. Dette er ei spanande forteljing for barn i småskulealder. Stian, Tuva og Erlend har ein hemmeleg klubb. Dei kjem over eit skattekart i ein gamal Bibel og ei legende om Skatten i Liljedal. Skattekartet viser seg å vera nærmast eit rebusløp der bibelforteljingane viser kvar dei bortkomne skattane frå kyrkja i Liljedal er gøymt. Desse skattane har vore borte frå kyrkja i over hundre år! Bøker om Stian, Tuva og Erlend som er gitt ut tidlegare er Tre i eit tre og Jakten på Juliana.