inkl. mva.
PAUL MURRAYs poesi er prega av beskjedne ord og enkle bilete som likevel formidlar bråe djup og stor tyngde. Dikta handlar ofte om nære, kvardagslege fenomen, om menneskelivet slik vi har det felles, under ein høg himmel ved eit endelaust hav. Ut frå dette får dikta uvanlege, stundom mystiske, vinklingar på kristen tru og openberring. Dikta er aldri påtrengjande, men grip likevel tak i lesaren som stille musikk, og ber ofte fram ein nyskapande nåde.
DIKTSAMLINGANE The Absent Fountain (1992) og These Black Stars (2013), som her for fyrste gong kjem i norsk gjendikting, er blant Paul Murrays mest etterspurde bøker. Her tek dominikanarpateren oss med på ei reise gjennom eit enkelt landskap som likevel har si heilt særeigne atmosfære av mystikk. Samstundes gjev dikta lesaren tid og rom til å kjenna att si eiga indre verd. Fr. Paul skriv på ein måte som heile tida engasjerer lesaren. Han går i dialog med Gud, og han dreg oss inn i ei utforsking av minne og attrå, av tap og indre myrker, av sår og draumar, av bøn og lengt etter gudsnærværet.
Sesjonen din har nå utløpt. Vennligst klikk "OK" for å oppdatere siden og unngå tap av eventuelle ikke-lagrede data. Dersom du var logget inn, må du nå logge inn på nytt.