Til toppen

Salmekort Påske : Du som låg i natti seine

Produktnummer: 200000013967
Leveringstid:

inkl. mva.

Dobbelt kort med akvarell av Anne Borgen Hiorth og salmen "Du som låg i natti seine" (salme 138/Sande). Konvolutt følger med. 

"Jeg synes salmene er til hjelp i livets ulike situasjoner. Det begynte med at jeg malte sneklokkene i hagen og syntes de passet til salmen Velt alle dine veie. Naturen er min inspirasjonskilde" (Anne Borgen Hiorth).

Du som låg i natti seine
sorgtyngd, vanvørd og åleine,
skjelvande på såre kne,
du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde,
stridsmann frå Getsemane!
 
Du som spotta vart og banna,
kront med klungerkrans om panna,
medan augo brann i sorg,
du som stod i namnlaus pine,
skilt frå dei du kalla dine,
einsam i Pilati borg!
 
Du som hekk til krossen nagla,
medan blodut sveitte hagla
frå di panne då du sa:
"Fader, kvifor gjekk du frå meg!"
Å, la nådens blodstraum nå meg,
offerlam på Golgata!
 
Lær mi sjel kor du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender,
så eg frelst mitt auga vender,
opp til deg på krossen du!
 
Jakob Sande