Nyhet

Røff guide til Bibelen

Alf Kjetil Walgermo

Varenummer: 9788252192872
Leveringstid:

  • Utgivelsesår: 2017
  • Forlag: Samlaget
  • Språk: Nynorsk
  • Innbinding: Innbundet
  • Kategori: Kristendom
  • Antall sider: 377

Boka for alle som treng å friske opp att bibelkunnskapane sine, og dei som aldri har opna ein bibel. Kva skjedde eigentleg under Davids kamp mot Goliat? Kva er opphavet til uttrykket «heile sulamitten»? Og visste du at det var Jesus som først bad oss om å ikkje kaste perler for svin? Bibelen er den mest selde boka i verda. Bibelen er både heilag tekst og ein litterær triumf - utgangspunktet for to verdsreligionar og ein grunnstein for den vestlege litteraturen og sivilisasjonen. Kan vi eigentleg forstå historia vår, språket og kulturen om vi ikkje veit kva som står i Bibelen? For mange er dette den viktigaste boka som er skriven, medan mange har eit eksemplar av Bibelen ståande i bokhylla, utan at dei nokon gong opnar han. Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har skrive ein kunnskapsrik og lett tilgjengeleg guide til Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inn i Det gamle og Det nye testamentet. Boka er laga både for dei som treng ei oppfrisking av bibelkunnskapane sine, og for dei som knapt har sett i ein bibel, men som føler at dei går glipp av noko viktig.