Mi kyrkjebok 6 nynorsk

Paul Leer-Salvesen

Varenummer: 9788282490603
Leveringstid:

  • Utgivelsesår: 2012
  • Forlag: IKO
  • Alder: 6-9
  • Språk: Nynorsk
  • Innbinding: Innbundet
  • Kategori: Kristen barn / billedbøker
  • Antall sider: 60

Mi Kyrkjebok 6 står i klar samanheng med Min Kyrkjebok 4 og inneheld difor bibelforteljingar, songar og forteljingar om Bo og Nora. Men lesarane vil likevel sjå at det har skjedd ei utvikling. Nora har blitt seks år og skal starte på skulen. Dessutan har bibelforteljingane blitt lengre, og høgtidene påske og pinse har fått god plass. Illustrasjonane spenner frå enkle og uhøgtidlege teikningar til flott kyrkjekunst. Boka kan brukast i fleire samanhengar, ikkje minst i samband med påska og til samlingar før skulestart for seksåringane. Min kyrkjebok 6 inneheld 17 songar som handlar både om kvardagen til 6-åringen, men som samtidig løfter fram festhalvåret i kyrkja med tema påske og pinse. Her finnes alt frå klassiske songar og salmar, til songar som høyrer inn under barnegospeltradisjonen. Alle songane er samla på ein CD, og dei fleste er spelt inn i ny musikalsk innpakning med gode og varierte arrangement. Denne CD-en følgjer ikkje med boka.