Til toppen
Produktet er ikke aktivt!

Lengt

Ola Ohm
Produktnummer: 7043490304220

  • Innbinding: CD
  • Kategori: Musikk
  • Forfatter: Ola Ohm

Vi lengtar alle etter noko. Det kan vere ære, berømmelse, pengar, noko å tru på utanfor oss sjølve… Så lenge mennesket har vore til, har det hatt lengsel i seg, og lengselen er ein av mennesket sine beste eigenskapar. Lengselen lar oss aldri stå stille – lengselen driv oss alltid mot noko, og om målet er definert eller ikkje spelar ofte ikkje den store rolla. Denne CD-en er laga for å gi deg rom til å lengte. Det rolige, meditative preget er bevisst lagt opp som motstridande til kvardagens stress, for vi treng lommer der vi berre kan vere til. Lommer der pusten kan gå friare, der heile kroppen kan slappe av, der tanken kan sleppast fri. Våg å gå inn i rommet denne musikken lagar. Våg å vere til stades i musikken og våg å ta til deg tekstane som står i coveret til kvart spor. For din lengsel kan fyllast av Han som har inspirert både tekstane og musikken.