Til toppen

Kyrkjeboka mi - nynorsk

Sindre Skeie
Produktnummer: 9788282493604
Leveringstid:

inkl. mva.

  • Utgivelsesår: 2020
  • Forlag: IKO
  • Alder: 3-6
  • Språk: Nynorsk
  • Innbinding: Innbundet
  • Kategori: Kristne barnebøker
  • Forfatter: Sindre Skeie

Kyrkjeboka mi er tenkt som utdelingsbok for fireåringar i kyrkja. Ho er tematisk delt inn i fire delar, retta mot kvar årstid. Ho startar med våren, men ein kan også starte med den delen som passer best til årstida som boka vert delt ut. Vi følgjer venene Astrid, Sara og Sigurd gjennom eit heilt år. I barnehagen, heime, hos kvarandre, på tur i skogen og i kyrkja. Saman utforskar dei verda og deler både sorger og gleder. Går det verkeleg an å ha ein hemmeleg ven? Og kven kan eigentleg hjelpe oss når vi går oss bort? Kven skal redde fiskane i havet, om vi ikkje gjer det sjølv?
Boka følgjer årstidene og høgtidene i kyrkja, med forteljingar om Jesus, om skapinga, ei kveldsbøn og nokre kjente songar. Forfattar Sindre Skeie har skrive ei fengjande og varm fortelling om å vere fire år. Sindre skeie er prest, salmediktar, komponist og forfattar.