Til toppen
Produktet er ikke aktivt!

Himmel under hav : Songar frå Underwater Bar CD

Ragnar Bjerkreim
Produktnummer: 195497548033

  • Utgivelsesår: 2020
  • Innbinding: CD 2 disk
  • Forfatter: Ragnar Bjerkreim

Låtane på dette albumet er laga til musikalen Himmel under hav, Songar frå Underwater Bar.  Planen er at musikalen etterkvart skal bli ferdig utvikla og framført i ei full scenisk oppsetjing. Verket kan også bli framført som konsert.

Scenen Handlinga utspelar seg på botnen av Nordsjøen i Underwater Bar. Songane og samtalane i baren tek opp mange av dei store spørsmåla i livet: Det gode og det vonde, krig, fattigdom og rettferd, økonomi, klima, emigrasjon og teknologi. Det vert sunge om sorg, sjukdom og død. Men midt i alle dei vanskelege emna kling det også songar om varme, håp og kjærleik.

Under Havbotnen i Nordsjøen, Norskehavet, Skagerak og Den engelske kanal speglar på mange måtar det norske og dei nordiske samfunna. Noreg og andre land har i uminnelege tider levd av fiske frå desse farvatna. Havområdet har også vore viktig for samferdsle i Norden og andre europeiske land og til dei oversjøiske kontinenta. Dei siste 50 åra har olje- og gassutvinninga i Nordsjøen vore viktig for norsk og britisk økonomi. I Nordsjøen ligg det røyrgater som fraktar olje og gass til kontinentet. I tillegg er det ei rekkje straum- og telekablar på botnen av Nordsjøen som er med på å knyte landa våre saman. Nordsjøen har også vore viktig militært, og mange krigar har vore ført oppå og under overflata. Tusenvis har mista livet i slag under første og andre verdskrig. Det har vore ei rekkje sivile fly- og helikopter ulykker og båtforlis i tillegg til tragiske hendingar i samband med oljeindustrien. Mange har mista livet i plattformulykker og ved dykking. I alle hav gjennom alle tider er det unge, tapre menneske med stort mot som har gått under.

Prosessen Ragnar Bjerkreim har hatt ideen til Himmel under hav, Songar frå Underwater Bar sidan 2001, men det var først i juli 2017 at arbeidet starta. I 2017, 2018 og 2019 har eg arbeidd med grunnidé, funne bakgrunnsstoff, komponert musikk og laga utkast til songtekstane. Sidan sommaren 2017 har Ingvar Hovland vore med som songtekstforfattar.

To-disk utgave 
Disk 1
01 Himmel under hav. Ouverture 1. Brynjar Kolbergsrud, Eivind Aarset, Beth Elin Byberg 
 
02 Helikopteret går. Julie Ervik
 
03 Sei at det ikkje er sant. Helene Bøksle
 
04 Ingen himmel, inga jord. Pål Rake
 
05 Er vi døde eller lever vi? Hege Bjerk 
 
06 Love me så tender du kan. Tom Roger Aadland 
 
07 Ei bøn til havet. Pål Rake
 
08 Gå med meg. Odd Einar Nordheim 
 
09 Aleine. Anne Vada 
 
10 Kjærleikssong. Julie Ervik, Odd Einar Nordheim
 
11 Agadez. Pål Rake 
 
12 Vi, vi er soldatar. Anders Baasmo 
 
13 Olje flyt som blod. Janikke Kruse, Grete Pedersen, dirigent 
 
14 Ta mi hand. Hege Bjerk
 
15 Det vanskelige sekund. Kari Bremnes
 
16 Finaste juvel. Bjørn Eidsvåg
                                                                              
Disk 2
 
01 Stille Nordsjø. Beth Elin Byberg
 
02 Himmel under hav Ouverture 2. Ingvill Hafskjold, Brynjar Kolbergsrud, Eivind Aarset
 
03 Verdens vev. Tom Roger Aadland.
 
04 Vakker drakt vakker maske. Julie Ervik, Odd Einar Nordheim
 
05 Flyktningar. Grete Pedersen, dirigent
 
06 Gud. Hildegunn Gjedrem
 
07 Den vonde makt. Grete Pedersen, dirigent
 
08 Kaptein på eiga skute. Tom Roger Aadland 
 
09 Nordlys på ein himmel av hav. Julie Ervik, Tom Roger Aadland, Pål Rake
 
10 Havstigen. Jannike Kruse
 
11 Endra von, endra tru. Julie Ervik, Odd Einar Nordheim
 
12 Song frå kyrkjegard i havet. Hege Bjerk 
 
13 Himmel under hav Tema. Brynjar Kolbergsrud
 
14 Under. Julie Ervik, Pål Rake, Jannike Kruse
 
15 Sjeleskip. Pål Rake