inkl. mva.
I denne boka skriv forfattaren, Arne Lie, om velsigning, godheit og rettferd. Det er umisselege verdiar som gir meining og tryggheit. Etter mange år som prest, bibelskulelærar og sjelesørgar er det dette som betyr aller mest. Han gjer det med å bruke Bibelen og erfaringa. Kva tyder ordet "velsigning"? Er me i ferd med å miste velsigninga i det velstandssamfunnet me lever i? Han spør vidare: kva er det viktigaste me kan møte kvarandre med? Ingen ting er større enn å vise kvarandre godheit. Rett og rettferd er rettesnor for livet og for samfunnet.
Bibelen er ei kjelde til visdom og livshjelp, og berar av ei livskraft som er unik. Forfattaren er nysjerrig på mennesket og kva som rører seg i menneskesinnet. Denne boka er ikkje ei vanleg andaktsbok. Det er meir rett å kalle den for ei oppbyggjeleg temabok. Boka kan lesast frå perm til perm. Men lesinga kan og styrast ut frå tema.
Min tidlegare kollega, Rolf Kjøde, skriv i "bakordet": "han skriv til velsigning," og me "møter ein prest nær folk og ein bibelforankra formidlar."
Sesjonen din har nå utløpt. Vennligst klikk "OK" for å oppdatere siden og unngå tap av eventuelle ikke-lagrede data. Dersom du var logget inn, må du nå logge inn på nytt.