inkl. mva.
Det misfarne landet · Fire kvartettar
Thomas Stearns Eliot (1888–1965) var ein av det 20. hundreårets fremste diktarar og prega modernismen. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1948.
Denne utgjevinga samlar to av T.S. Eliots fremste diktverk: The Waste Land (1922) og Four Quartets (1943). Ei viktig hending for nynorsk lyrikk. Samlinga synleggjer samtidig kontinuiteten i Eliots poesi, trass i store livsendringar. Elliot braut opp tradisjonelle former, men var samtidig djupt konservativ; fragmenta i dikta kan forvirre, men musikken foreinar og formidlar. Begge diktverka er djupt eksistensielle og speglar krigstider. Slik talar dei inn i vår eiga tid.
Åsmund Bjørnstad (f. 1951) er forfattar og lyrikar og har gjendikta mellom anna John Donne, Dylan Thomas, Tony Harrison og Rainer Maria Rilke. ISBN
Utgjevinga har òg eit lengre etterord/essay av litteraturviter og skribent Mads Skam Lerø.
Sesjonen din har nå utløpt. Vennligst klikk "OK" for å oppdatere siden og unngå tap av eventuelle ikke-lagrede data. Dersom du var logget inn, må du nå logge inn på nytt.