Til toppen
Produktet er ikke aktivt!

Jeg roper til deg CD

Torhild Ostad / Carsten Dahl
Produktnummer: 7042986117818

  • Utgivelsesår: 2017
  • Innbinding: CD
  • Forfatter: Torhild Ostad / Carsten Dahl
Etter tjue års tagnad vart trykket for sterkt for vokalkunstnaren Torhild Ostad - ho måtte ta musikken sin vidare. Møtet med den danske superpianisten og komponisten Carsten Dahl vart eit vegskilje. For fyrste gong møtte ho ein musikar som "eit medmenneske" - ein som skjøna kva og kvar ho ville musikalsk og uttrykksmessig. Ein musikar som var i stand til å møta hennar musikk og medskape den om til eit felles uttrykk. Det er to tvillingsjeler som møtest, opnar seg for kvarandre og som med denne innspelinga har skapt eineståande musikk saman. Det er nærliggande å kalla det spirituell musikk med eit heilt eige nærvær. I norsk folkemusikk har Torhild Ostad vore nærast ein skjult skatt. I 1996 slapp ho soloalbumet «Blomar i moll» (KKV) med svært personlege framføringar av folketonar. Framføringar som står solid den dag i dag, 20 år etter, og som høyrleggjer at vi har med ei heilt særeigen stemme å gjera. Det nye albumet inneheld nykomponert musikk og nyskrivne tekstar av Torhild Ostad, samt tradisjonsmateriale, norske religiøse folketonar og kveldssalmar. Carsten Dahl bidreg med nokre opne improvisasjonar i tillegg til sin smakfull og fantasifull bruk av dei mange klangpallettane som finst i eit flygel. Tekstane er personlege men ikkje private, på bokmål og nynorsk. Songane er billedlege i uttrykket og står godt kvar for seg men er óg tenkt i ein samanheng. Tekstane er ei reise i levd liv og menneskesinn. Frå vogge til grav. Relasjon og tradisjon. Tekst og musikk høyrleggjer klåre linjer frå tradisjonsmusikken over i eit poetisk notidig og meir urbant uttrykk. Musikk som overskrid sjangergrenser; det er ikkje jazz, det er ikkje folkemusikk, det er ikkje norsk singer-songwriter. Det er ingen av delene, det er alt dette og meir.